Video není dostupné.
Omlouváme se.

Skip i opplag ved Sunde og Eidsvik, sommaren 1975.

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 27. 04. 2022
  • Filmklipp av ulike skip som låg i opplag ved Sunde og Eidsvik, sommaren 1975.
    Først søsterskipa «Brali» og «Bantry» i Sunde. Førstnemnde frå reiarlaget L. Gill-Johannesen og sistnemnde frå T. Klavenes reiarlag. Dei to skipa vart satt i opplag i august 1975.
    MS Brali vart bygd ved Uddevallavervet i Sverige i 1968, og levert til A/S Havbør som «Havmøy». Seld til I/S Brali i 1975 og omdøypt «Brali». Lagt i opplag ved Sunde fram til juli 1977 før det same månad vart lagt opp ved Holmestrand.
    Seld til Asian Liberty Shipping i 1978 og fekk då namnet “Asian Liberty”. Nytt opplag i mai 1983 i Manila, før den i august 1985 ankom Filippinene for hogging.
    MS Bantry vart og bygd ved Uddevallavervet i Sverige i 1967, og levert til A/S Havtor som «Havtor». Seld til I/S Bantry i 1975 og omdøypt «Bantry». Lagt i opplag ved Sunde fram til sommaren 1977. Seld til Tyrkia i 1978 og omdøypt «M Efes». Satt på land i Bangladesh mars 1992 for hogging.
    I det ein forlet dei to skipa i Sunde, kan ein sjå ein hydrofoil passere. Truleg er dette HSD sin HB Teisten, bygd i 1970.
    I Eidsvik ligg fleire skip frå Reksten rederi, som «Sir Charles Hambro», «Julian», «Vespasian», «Eurelian» og «Lucian». Sistnemnde, eit gasskip, blir her klargjort for å bryta opplaget laurdag 22. juni 1975.
    GT Lucian var eit gass turbin skip, bygd ved AS Moss værft og dokk, for Hilmar Reksten, i 1974. Satt i opplag ved Askøy frå juni 1977 til oktober 1979. Overtatt av AS Havtor Management i 1980, ombygd til motorskip og gitt nytt namn «Century». Opererte under dette namnet heilt fram til februar 2008, då den vart seld til Autumngas Enterprises i Hellas og omdøypt til «LNG Century». Det nye namnet varte ikkje lenge, då skipet vart hogd opp i Bangladesh i november same år.
    TT Sir Charles Hambro vart sjøsatt ved Stord Verft 2. juni 1973 og levert til Rederi Hilmar Reksten 3. juli same år.
    Allerede året etter, desember 1974, havna skipet i opplag ved Eidsvik, Halsnøy, grunna oljekrisa. Opplaget varte fram til hausten 1976.
    Etter fleire år i drift, havna Sir Charles Hambro på ny i opplag i 1984, denne gong ved Onarheim, Tysnes.
    Solgt i Thornhope Shipping i 1987 og omdøypt «Sir Charles». Solgt vidare på hausten same år til National Iranian Tanker Co. og omdøypt «Shir Kooh».
    9. januar 1988 vart skipet angrepet av Irakiske jagarfly i den arabiske gulf, men fekk berre mindre skader.
    I august 1995 ankom skipet India for opphogging.
    TT Julian vart bygd ved Stord verft og levert til Hilmar Rekstens rederi i mars 1973.
    Fra januar 1975 låg den i opplag ved Halsnøy, fram til mars 1977.
    Etter nokre år i teneste hamna skipet på ny i opplag frå mars 1982, denne gong i Mandal.
    Kort tid etter vart den seld til P/R Berge Borg og fekk og nytt namn «Berge Borg».
    Opplaget haldt fram, sjølv om skipet vart flytta til nytt opplag ved Holmestrand i januar 1985. I juni same år, vart skipet seld til Jardine Shipping Ltd. Hong Kong, og omdøypt til «Borg».
    Då skipet omsider forlot opplaget, var det for ei siste reis til Taiwan, der opphogginga starta i september 1985.
    Musikk:
    Orchestralis - Emotional Sad Piano and Strings
    Link: • Emotional Sad Piano an...

Komentáře •