Video není dostupné.
Omlouváme se.

Røyrlegging og byggjing av inntaksdam i Vatnadalen, hausten 1961

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 8. 09. 2022
  • På tampen av mars månad 1960 vart arbeidet med Stord Vassverk starta.
    Det skulle gravast mange grøfter og leggjast mykje vassledning i marka, i samband med at Ravatnet vart bygd ut til vasskjelde.
    Først ser me klargjering og trykkprøve av nye røyr i Sæ.
    Deretter lasteskipet «Nordaas» som i mai månad 1960 kom med leveranse av fleire røyr. Desse vart først lossa på land ved Nattrutekaien, før dei vart løfta på lasteplanet til ein av bilane tilhøyrande Leif Vae Transport. Lastebilen køyrer så røyra over Ådland.
    Så opptak frå Ravatnet, Vatnadalen og den gamle kraftstasjonen der som vart riven, då
    ny demning vart støypt ved inntaksdammen.
    Til slutt opptak frå ei sprukken vassledning, som fekk spruten til å stå i Sæ.
    Dette var ikkje relatert til dei nye røyra som vart lagd ned, men det skapte uansett stor glede hos dei små som var vitne til hendinga. Kanskje noko mindre for dei vaksne som måtte ordne opp etterpå.
    MS Nordaas vart bygd under andre verdskrig ved verftet J.S. Watson i Gainsborough, England, og levert til den Britiske marine som «T.R.V.5.» i juni 1943.
    Etter krigen vart skipet i 1946 seld til Henrik Negård i Bergen, der det fekk namnet «Nordaas» året etter. Seld videre til Magnus Stokka, Haugesund, i 1951.
    Vart forlenga i 1953 og skifta til ein kraftigare motor to gonger rundt den same tida.
    Seld til Knut Øvredal 1965, Sverre Boge i 1971 og Berge Hansen i 1973.
    På veg frå Odda til Odense 17. mars 1974, sprang skipet lekk og sokk i Skagerak, vest av Hirtshals.
    Musikk:
    Johnny Easton - Familiar
    Link: • Relaxing Piano Music -...
    Poolz - Relieve
    Link: • Poolz - Relieve ◅Ambient▻

Komentáře •