Litlabø i 1960 - Produksjon ved Stordø Kisgruber.

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 10. 09. 2024
  • Frå produksjonen ved Stordø Kisgruber på Litlabø, om lag 1960.
    Her ser ein innledningsvis Stigerbustaden i Stallbakken, Samvirkelaget på Litlabø, og kontorbygget til Stordø Kisgruber.
    Deretter, det kjende gruvetårnet samt ei handfull arbeidarar, som etter ein pust i bakken tek til med arbeidet inne i gruva att. Gruvesjakta under heistårnet går 700 meter ned. På kvar 50. meter er det såler (etasjar), til saman 17.
    Til saman på sålene er det 90 km skjenelagde gruvegangar. Gruva er vassfylt.
    Her vart stein henta ut i vogner via heisen. Då steinen kom opp i tårnet vart den knust i grovknusaren før den vart ført vidare på samleband gjennom sheideanlegget der gråberg vart plukka ut før vaskeriet. Etter dette vart kisen frakta i vogner, trekt av eit elektrisk lokomotiv, til utskipingshamna på Grunnavågsneset i Sagvåg.
    Der vart kisen lasta om bord i skip, som frakta eksporten til Tyskland.
    Eitt av skipa me ser i denne filmen er DS Rilda, som vart bygd i Califorina, USA i 1943.
    Den vart så overført til England, der den deltok under andre verdskrig som "Benjamin Sherburn".
    I 1949 vart den seld til Skottland of omdøypt til "Winga", før den 3 år seinare vart kjøpt opp av Rederi-A/S Nina i Oslo, og fekk namnet "Rilda".
    Seld vidare i 1966 og hadde fleire ulike eigarar før den i 1967 endte opp i Kuwait, der den året etter vart omdøypt "Raed".
    Sendt til Karachi i Pakistan mai 1973 for opphogging.
    Musikk:
    Punch Deck - Brahe
    Link: • Punch Deck - Brahe

Komentáře •