Video není dostupné.
Omlouváme se.

Leirvik hamn, sommaren 1973 - MS Sunnhordland, Ferjer og Hydrofoiler

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 29. 09. 2022
  • Liv på Vikjo ein sommardag i 1973.
    Først kjem HSD båtane MS Sunnhordland og MF Sveio seglande inn Vikaflè.
    Førstnemnde legg naturleg nok til ved Sunnhordlandskaien (eller Hauglandskaien), medan «Sveio» finn fram til ferjekaien.
    Medan «Sunnhordland» blir fortøyd, ser me eit glimt av HSD hydrofoilen «Teisten» ved Nattrutekaien.
    Passasjerer og gods kjem i land frå «Sunnhordland», og me ser igjen «Sveio» til kai, saman med HSD travaren MF Folgefonn. På kaien står og fleire HSD bussar, i sin karakteristiske raudfarge.
    Så snart skipet er ferdig lossa, legg «Sunnhordland» frå kai, og passerer MF Bjørnefjord ved ferjekaien, medan ho bakker ut.
    Dette var siste sommaren «Sunnhordland» var i rute for HSD.
    MS Sunnhordland vart bygd ved Pullman Standard Car Mfg i Chicago USA og levert som USS «PCE 830» i 1943. Overført til Royal Navy same år og omdøypt «HMS Kilchrenan».
    Etter andre verdskrig vart «Kilchrenan» ein av 6 britiske ubåtjagarar som vart kjøpt av norske rederi for ombygging til passasjertransport. Seld til HSD i 1947 for ombygging ved Bergens Mekaniske Verksted, og seinare levert som MS Sunnhordland i juni 1949.
    Gjekk i mange år i rute mellom Bergen og Sunnhordland, som eitt av landets største lokalruteskip.
    Seld til Finland i 1974 om omdøypt «Kristina Brahe». Opererte i cruisetrafikk i Finland og vart her ombygd. Mellom anna vart det laga til lugarar på bildekket, og ein restaurant akter.
    I 2016 vart båten kjøpt opp av privatpersoner på Stord, og fekk tilbake sitt gamle namn. «Sunnhordland» vart mala om i HSD fargar, og kom «heim» til Stord i november same år. Sidan den tid har veteranskipet vert nytta til mange ulike føremål, mellom anna som transportskip for TV-serien 71 grader nord.
    MF Sveio vart bygd ved Ankerløkken Verft i Florø og levert til HSD 19. juni 1967.
    Gjekk i rute for HSD fram til 1995, då den vart seld til Finland og omdøypt «Aspö».
    Seld videre i 2018 og ombygd til hotellskip. Framleis i drift i Finland som Hotellskipet «Isosaari».
    HB Teisten vart bygd i Messina, Italia, og levert til HSD i april 1970.
    Gjekk fleire år i rute mellom Bergen og Leirvik, før den vart seld som HSDs siste hydrofoil i 1988 til Simen Møkster. Fekk då namnet «Strilprins», eit namn som vart endra til ”Hinnavåg” berre ein månad seinare.
    På tampen av 1988 vart båten seld vidare til Italia og omdøypt «Flecho Del Estrcho». Seld vidare til eit anna Italiensk rederi året etter og fekk då namnet «Freccia Di Casamicciola».
    I fart i Italia fram til 1998, då den vart seld for hogging.
    MF Folgefonn vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted og levert til HSD 2. juni 1938.
    Skipet vart då landets største og mest moderne bilferje, og satt inn i ruta Ålvik-Kinsarvik i Hardanger. På tidleg 1950-talet i rute Brimnes-Ulvik, før den vart satt i fart i Sunnhordland i juni 1957. Ferja vart ellers nytta på fleire ulike HSD samband.
    I 1979 vart «Folgefonn» tatt ut av drift og seld til Dixon Travel i Liverpool, England. Ferja skulle då ombygges til turistbåt, noko det ikkje vart noko av.
    I staden vart ferja frå 1980 nytta som klubbhus av Erith Yacht Club i Kent, England.
    Mai 2010 vart ferja kjøpt av Hardanger Fartøyvernsenter, og slept til Dåfjorden Slipp same året. Slept vidare til Norheimsund i 2011 for bruk som museumsskip og freda av riksantikvaren.
    I 2020 låg ferja i Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand for skrogarbeid.
    Det er venta at restaureringa vil vere ferdig i 2026.
    MF Bjørnefjord vart bygd ved Brødrene Lothe A/S i Haugesund, og levert til HSD i mai 1962.
    «Bjørnefjord» vart den første ferja i rute på den nye strekninga mellom Sandvikvåg og Halhjem i 1963. Seinare gjekk ferja på ulike ruter for HSD, fram til juni 1988, då den vart seld til Polarlaks A/S og omdøypt «Aunfjell». Her skulle ferja fungere som forstasjon for eit oppdrettsanlegg i fleire år.
    I 1992 skifta ferja namn tilbake til «Bjørnefjord», noko som varte til 2010 då ferja vart kjøpt opp med intensjon om å føre ho tilbake til Sunnhordland. Nytt namn, «Gamle Bjørnefjord».
    Ferja vart så frakta til Odda, der stiftelsen MF Bjørnefjord ville restaurere båten.
    Dessverre var ferja i så dårleg stand at restaureringa vart skrinlagde og «Gamle Bjørnefjord» gjekk i opplag i Sagvåg. Etter at motorane og teknisk utstyr var henta ut, vart ferja hogd ved demoleringsområdet på Eldøyane ved Kværner Stord i 2016.
    Musikk:
    Juan Sánchez - Ataraxia
    Link: • “Ataraxia” by Juan Sán...

Komentáře •