Video není dostupné.
Omlouváme se.

Stord Lufthamn 1993-98

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 20. 10. 2022
  • Ansatte på Stord lufthamn i sving, i perioden 1993-1998.
    Først viser brannmann Harald Haukanes fram brannbilen som flyplassen kjøpte frå Oslo brannvesen. Dei ansatte på lufthamna oppgraderte sjølv bilen til flyplass-standard.
    Haukanes viser kordan vannkanona på taket virker, samt påfylling av vatn frå hydrant.
    Så ser me brannmann Jan Kåre Fotland utføre ein inspeksjon av rullebanen. Ei av mange oppgåver for brann- og redningstenesta ved lufthamna.
    27. juli 1993 var eit britisk charterfly frå Business Air innom lufthamna for å sleppe av og hente skotske arbeidarar, innleigde ved Aker Stord.
    Flytypen, ein 36-seters SAAB-340, var på den tida eit stort fly å rekne for Sørstokken.
    Siden dette var før rullebanen vart forlenga til dagens lengde, medførte det at flyet ikkje gå fullasta til Skottland.
    For å løyse floka vart derfor all bagasjen stua inn i ein av Air Stord sine Beech King 200 fly, før begge maskinene, eitt med bagasje og eitt med passasjerer, flaug til Stavanger lufthavn. Der vart bagasjen lasta om bord i det største flyet, så samtlege kom seg vidare til Skottland.
    Same sommaren var og eit gammalt transportfly av typen DC-3 innom lufthamna. Flyet tilhøyrde britiske Air Atlantique, og leverte fleire oljetønner, før det tok med seg anna utstyr til returflyginga.
    For å komme til med drivstoffslangen måtte det krafttak til for å snu flyet, men det gjekk det og.
    I tårnet sitt AFIS fullmektig Randi Værnes Ottesen, medan brannmann Olav Brandvik assisterer med fylling av drivstofftanken på lufthamna.
    Etterpå er AFIS fullmektig Audun Rikstad på plass i tårnet, og Brandvik har no gått over til bagasjehandtering, då det er kommen mykje bagasje med ein jetmaskin som har landa.
    Harald Haukanes hjelper til med fylling av drivstoff, før han vinker på plass eit Air Stord fly.
    Så ser me fleire ansatte i sving, mellom anna Jan Kåre Fotland og Olav Brandvik, i det fotballaget Fram-Larvik kjem i land frå eit Widerøe fly på charter oppdrag. Laget skulle spele mot Stord denne helga, og hadde saman med fotballaget Sandefjord leigd inn flyet. Sandefjord-spelarane vart dog sittande igjen i flyet, då dei skulle videre til Bergen for å spele mot Brann 2.
    Dette var berre andre gong sidan flyplassen opna at denne flytypen, Dash-7, hadde vore nede på Sørstokken.
    Tilbake i tårnet sender AFIS fullmektig Audun Rikstad i veg eit Air Stord fly, noko som blir koordinert på telefon til flygeleiarane på Bergen - Flesland.
    Ei stund seinare oppgraderte Air Stord til heilt nye 32-seters Dornier 328. Her, i 1998, ser me brann- og redningsansatte Olav Brandvik, Jan Litlabø og Reidar Skau i aksjon medan passasjerane finn vegen om bord.
    Etterpå er Brandvik og Helge Lundgren i sving i samband med besøk av ein British Airways (Sun Air operert) BAe-ATP med heile 64 seter. Flyet flaug charter for Aker Stord til England og Finland i denne perioden, og var på den tida det største flyet som hadde operert på Stord.
    Til slutt laster Brandvik bagasje om bord i ein business jet.

Komentáře •