Video není dostupné.
Omlouváme se.

TT Beaumont ved Stord Verft - Samankopling 7. jan og dåp 7. feb, 1976

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 21. 04. 2022
  • Den siste supertankeren som vart bygd ved Stord verft er og landets lengste.
    Med sine 285 400 tonn og snaut 348 meter lange skrog, var «Beaumont» saman med søsterskipet «Cyprian» det lengste skipet som nokon gong har blitt bygd i Noreg.
    Her frå samankoplinga av dei to skrogseksjonane, 7. januar 1976.
    «Haabrand» og dei andre slepebåtane hadde rikeleg å halde styr på under flyttinga av den store seksjonen, før skroget vart sveisa saman ved utrustningskaien.
    Nøyaktig ein månad seinare, 7. februar, var det tid for høgtidleg dåp ved verftet.
    Både prominente gjester og arbeidarane ved verftet var til stades, då gudmor, 12 år gamle Anne Berggraf, sende i veg champagneflaska.
    Noko festligheter vart det dog ikkje ved overlevering av skipet til Bjørn Bjørnstad og co. då framtidsutsiktene til både verftet og skipet var usikkert.
    Grunna oljekrisa var fraktmarkedet særs dårleg, og TT Beaumont hadde ingen ventande kontrakt då ho vart overlevert. I staden gjekk skipet rett i opplag i Mossesundet i Moss.
    «Beaumont» forlot opplaget i oktober 1978, og gjekk til den persiske gulf for å laste olje.
    Skipet frakta olje over heile verda fram til april 1981. Det vart då seld til P/R Berge Beaumont og lagt i opplag i Holmestrand under det midlertidige namnet «Berge Beaumont».
    Året etter vart skipet overført til P/R Berge Chief og omdøypt til «Berge Chief».
    Først i 1986 forlot skipet opplaget i Holmestrand og satt inn på lausfraktmarkedet over heile verda. Skipet hadde då 10 år etter dåpen tilbrakt meir tid i opplag enn i fart.
    Seld i 2002 til Jordan og omdøypt til «Jerash». Her opererte skipet fram til november 2012, då den vart sendt til Pakistan for opphogging.
    Musikk:
    Juan Sanches - Tolworth
    Link: • Tolworth

Komentáře • 2

  • @anneberggraf9027
    @anneberggraf9027 Před rokem +1

    Det var artig å se, takk for posting 🙂

  • @karloe1974
    @karloe1974 Před rokem

    Jeg var kadett ombord på Berge Chief i 2000 og selv om skipet var bygget i Norge var lastetabellene i fot og tommer...