Video není dostupné.
Omlouváme se.

Leirvik sentrum i 1960 - Skip og båtar, rutebussar, sjøfly, folk og fe på Vikjo.

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 5. 01. 2022
  • Klipp frå Leirvik sentrum rundt 1960.
    Her ser ein småbåthamna og DS Bjørgvin som kjem inn Vikafle og legg til ved Nattrutekaien. MS Sunnhordland legg så til Hauglandskaien/Sunnhordlandskaien, før hydrofoilen Teisten finn plassen sin innerst ved Nattrutekaien.
    Eit sjøfly tar så av frå hamna, før me ser HSD sine bussar i trafikk gjennom Osen, forbi meieriet, opp Torgbakken og gjennom Borggata.
    Etter klipp frå Stord Kyrkje og Aslaksvikjo, ser me HSD trioen MS Sunnhordland, MF Folgefonn og MS Eidfjord forlate Vikjo.
    DS Bjørgvin vart bygd ved Fredrikstad Mekaniske Verksted i 1910 og levert til Arendals Dampskibsselskab som kystruteskipet «Norge». Satt inn i postrute Oslo-Bergen.
    Etter avgang frå Haugesund 20. februar 1928, gjekk skipet på grunn på Trollholmen ved Vibrandsøy og sokk. 9 menneske omkom i havariet.
    Etter heving og ombygging ved Laksevaag Maskin & Jernskibsbyggeri vart skipet satt i rute langs kysten att på tampen av 1928, no under namnet «Bjørgvin».
    13. oktober 1941 kolliderte skipet med lasteskipet P.G. Halvorsen og sokk i grunnt vatn utanfor Mandal. «Bjørgvin» vart så heva, reparert og forlenga med 20 fot.
    Satt inn i kystpostrute att i mai 1947.
    21. mai 1960 grunnstøtte «Bjørgvin» i tett tåke utanfor Tønsberg, og sokk på ny.
    Denne gong vart skipet liggjande, og i 2005 vart vraket seld til Jan Kirkemyrs Dykkeskole i Larvik.
    MS Sunnhordland vart bygd ved Pullman Standard Car Mfg i Chicago USA og levert som USS «PCE 830» i 1943. Overført til Royal Navy same år og omdøypt «HMS Kilchrenan».
    Etter andre verdskrig vart «Kilchrenan» ein av 6 britiske ubåtjagarar som vart kjøpt av norske rederi for ombygging til passasjertransport. Seld til HSD i 1947 for ombygging ved Bergens Mekaniske Verksted, og seinare levert som MS Sunnhordland i juni 1949.
    Gjekk i mange år i rute mellom Bergen og Sunnhordland, som eitt av landets største lokalruteskip.
    Seld til Finland i 1974 om omdøypt «Kristina Brahe». Opererte i cruisetrafikk i Finland og vart her ombygd. Mellom anna vart det laga til lugarar på bildekket, og ein restaurant akter.
    I 2016 vart båten kjøpt opp av privatpersoner på Stord, og fekk tilbake sitt gamle namn. «Sunnhordland» vart mala om i HSD fargar, og kom «heim» til Stord i november same år.
    Sidan den tid har veteranskipet vert nytta til mange ulike føremål, mellom anna som transportskip for TV-serien 71 grader nord.
    HB Teisten vart bygd ved Rodriquez Cantieri Navali i Italia, og levert til HSD som rederiets første hydrofoil, i juli 1961.
    Her gjekk den rute mellom Bergen og Sunnhordland, fram til 22. oktober 1969 då den grunnstøytte på Noreskjær i Bjørnafjorden, på veg frå Ølen til Bergen.
    Ingen vart skadde, men båten vart kondemnert.
    Seld tilbake til Italia for reparasjon i 1970, og etterpå satt i fart ved Messinastredet som «Freccia Di Reggio».
    Leigd ut til Thames Arrow Express i London i 1972, og opererte strekninga London-Greenwich. Seinare var båten i fart for Red Funnel i rute mellom Southampton og Isle of Wight.
    Siste registrert i Italia i 1990. Det er uvisst kva som har hendt med «Teisten» etter dette.
    MF Folgefonn vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted og levert til HSD 2. juni 1938.
    Skipet vart då landets største og mest moderne bilferje, og satt inn i ruta Ålvik-Kinsarvik i Hardanger. På tidleg 1950-talet i rute Brimnes-Ulvik, før den vart satt i fart i Sunnhordland i juni 1957. Ferja vart ellers nytta på fleire ulike HSD samband.
    I 1979 vart «Folgefonn» tatt ut av drift og seld til Dixon Travel i Liverpool, England. Ferja skulle då ombygges til turistbåt, noko det ikkje vart noko av.
    I staden vart ferja frå 1980 nytta som klubbhus av Erith Yacht Club i Kent, England.
    Mai 2010 vart ferja kjøpt av Hardanger Fartøyvernsenter, og slept til Dåfjorden Slipp same året. Slept vidare til Norheimsund i 2011 for bruk som museumsskip og freda av riksantikvaren.
    I 2020 låg ferja i Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand for skrogarbeid.
    Det er venta at restaureringa vil vere ferdig i 2026.
    MS Eidfjord vart bygd ved AS Mjellem og Karlsen og levert til HSD i april 1935.
    Nytta som turistbåt i sommarhalvåret, på strekninga Norheimsund-Eidfjord-Ulvik.
    Rekvirert av tyske styrker under andre verdskrig, og tatt som krigsbytte 25. april 1940.
    Tilbakelevert HSD i dårleg stand ved krigens slutt i 1945, og vart overhalt ved Frydenbø Slipp i Bergen.
    I turistfart mellom Odda og Granvin sommaren 1949 og Odda - Norheimsund sommaren 1950. Ellers i rute Norheimsund - Ulvik.
    Ombygd og modernisert i 1955.
    Satt i rute Leirvik-Mosterhamn-Valevåg-Leirvik-Halsnøy-Sunde, i 1963. Seinare satt inn i Midthordlandsruta, sommaren 1966.
    Seld i desember 1973 til Tartan Arrow Marine, London, og omdøypt «Tartan Arrow II».
    Skipa så eigarskap fleire gonger på slutten av 70-talet, medan den vart nytta som yacht, mellom anna i middelhavet.
    Seld til Garry Lake Shipping Co. Ltd. På Kypros i 1978, og skifta namn til «Gianna Maria».
    Vidare skjebne ukjend.
    Musikk:
    Jonny Easton - Summit
    Link: • Soft Piano Music - Roy...

Komentáře • 5