Jotunheimen nominert til prestisjefylt filmpris for scenene i TROLL

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 6. 12. 2023
  • Jotunheimen kan vinne internasjonal filmlokasjon-pris!
    Visste du at sjølve TROLLET i filmen "Troll" faktisk "vakna til liv" i JOTUNHEIMEN?
    Nå er Jotunheimen ein av fem finalistar til å vinne pris for beste europeiske filmlokasjon. Det er nettopp scener frå Netflix-suksessen «Troll», som er spelt inn i Jotunheimen i Lom kommune, som er nominert.
    Det er nå opp til publikum - altså D E G - å stemme på sin favoritt:
    👉🏽 Stem her: eufcn.com/location-award-2023/
    Visste du at...
    - Den norske filmen «Troll» ble lansert på Netflix i desember 2022 og er den mest sette ikke-engelspråklige filmen på strømmetjenesten noensinne!
    - Filmen er produsert for Netflix av Motion Blur, ved produsentene Espen Horn og Kristian Sinkerud. Regissør er Roar Uthaug.
    - Nettverket av europeiske filmkommisjonærer (EUFCN) står bak den europeiske locationprisen som skal deles ut under den prestisjefylte filmfestivalen i Berlin 2024.
    Det var filmkommisjonær Hanne Larsen fra Østnorsk Filmkommisjon som nominerte Jotunheimen.
    - Eg hadde stor tru på at scenene frå området i Lom, der trollet vaknar til liv, kunne nå opp i konkurransa. I desse scenene er ikkje berre omgjevnadene ei kulisse, men speler ei eiga rolle i filmen. Regissør Roar Uthaug fortalte meg at fjella i Jotunheimen inspirerte ham i val av både fargar og tekstur, når han utvikla "looken" på trollet i filmen, seier Larsen.
    -Dette er stor stas!
    Mari Arnøygard Wedum, dagleg leiar for Visit Jotunheimen, er svært glad for nominasjonen.
    - I Jotunheimen har vi det beste av norsk fjellheim, med dei høgaste fjelltoppane i Nord-Europa, vakre brear og innsjøer, rå natur, og kanskje det beste av alt; tilgang på snø stort sett heile året, seier Wedum.
    Ho fortel at Jotunheimen er «Jotnenes heim» og at naturen der er eventyrleg trolsk og eksotisk og dermed eit naturleg val for ein film som «Troll».
    - Det at Jotunheimen kan vinne ein europeisk prestisjepris er stor stas, både med tanke på å gjere den spektakulære norske fjellheimen vår meir kjend ute i verda, men òg moro for oss som til dagleg lever og jobbar her, sier ho.
    👉🏽 Stem på J O T U N H E I M E N her: eufcn.com/location-award-2023/
    - og ver med i trekninga av eit eventyrleg opphold på vakre Elveseter Kunst & Kulturhotell, som ligg like ved fjellet der trollet vakna!
    🎥: Ferskvann Film og Frys Film
  • Krátké a kreslené filmy

Komentáře •