Den fyrste «Fjellsmaken» er servert!

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 4. 06. 2024
  • Den fyrste «Fjellsmaken» er servert!
    Lokalt brygg frå Lom bryggeri er smaksetjar i ein fargerik og smakfull rett - som du som kan teste ut heime!
    Vi er stolte av å presentere vår nye mini-serie om matkulturen i Jotunheimen. I Fjellsmaken får du innsikt i heile verdikjeda frå lokal jord til lokale bord. Mari Arnøygard Wedum i Visit Jotunheimen er ute i felt for å lære mest mogleg om lokale råvarer, og tek desse med til meisterkokk Arne Brimi - som tilbereder ein rett der den enkelte råvara får spele hovudrolla.
    I denne episoda får du innblikk i råvaresankinga og korleis øl-produksjonen går føre seg på Lom bryggeri, innan Arne Brimi nyttar brygget som smaksetjar i ein fargerik rett basert på lokale grønsaker frå Aukrust gard og urteri, og svin frå Grjotheim gardsmat.
    ***
    Oppskrift på Svineside i gryte - smakssett med lokalt øl:
    ***
    Du treng:
    - Svineside
    - Smør
    - Øl
    - Gule beter
    - Sellerirot
    - Lauk
    - Sjarlottlauk
    - Krydder (som t.d. steinsopp, kvann og salt)
    Slik gjer du:
    1. Lag bruna smør i ei gryte
    2. Legg svinesida med feittet ned og brun sidane før du slår over øl
    3. Krydre med salt, kvann og steinsoppulver. La stå 30-40 minutt på middels varme
    4. Tilsett grove bitar av gulrot, gule beter, sellerirot, lauk og sjarlottlaul. Sett på varmen til grønsakene er møre.
    -------
    Serien er produsert av Visit Jotunheimen i tett samarbeid med FrysFilm - med musikk av Bjørn Kåre Odde.
    Serien er støttet av Innlandet fylkeskommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk.
    Visit Jotunheimen 2023-2024
  • Krátké a kreslené filmy

Komentáře • 3