Turtips Jotunheimen | Såleggi 1540 moh.

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 5. 07. 2023
  • Gira på ein fin fottur som ikkje er altfor lang, men med nydeleg utsikt? Såleggi ligg 1540 meter over havet - og er ein barnevenleg tur frå Soleggen fjellstue.
    Turen til Såleggi er 12 km t/r og tek ca 5 timar.
    Soleggen fjellstue ligg 957 m.o.h. på nordsida av Jotunheimen, ca. 10km. frå Lom sentrum. Staden ligg i eit gamalt seterområde med eit variert kulturlandskap - som fortsatt er i drift. Uberørt natur og ville fjell omkransar fjellstua, og området er kjent for eit rikt planteliv. Frå her kan du gå både korte og lange toppturar med vakker utsikt.
    Turen til Såleggi startar på parkeringen ved Soleggen Fjellstue. Turen går fyrst på grusveg - Meadalsvegen - i cirka 4 kilometer - i jamn og slak stigning. Da kjem ein opp til Sålell, som er ei gamal setergrend som fortsatt er i bruk. Her passar det godt å ta ei matpause - og nyte utsikta til seterlandskapet og 200-meterstoppar som Kvitingskjølen.
    På toppen er det ein tydeleg varde kor du kan nyte vidt utsyn til Jotunheimen og Breheimen - og postkasse med turbok kor du kan skrive deg inn.
    På veg ned att har du to val: Du kan anten gå attende same veg som du kom - nedover dalen til setergrensa Sålell og vidare på grusvegen ned att til soleggen, eller du kan halde fram eit stykke lenger bortover eggen, før du tek ned mot Vittingstjørni og Langtjørni (merka på kartet) og gå ned att på «framsida» av Såleggi til du kjem til grusvegen (Strymmevegen) som går attende til Soleggen fjellstue.
    Les meir om turen her: bit.ly/TurtipsSåleggi
    Foto/redigering: Mari A. Wedum / Visit Jotunheimen
    Opptak 28.06.2023
  • Krátké a kreslené filmy

Komentáře •