Video není dostupné.
Omlouváme se.

Dunlin A ved Stord Verft - Samankopling, april og utslep 6 juni 1977

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 19. 05. 2022
  • Torsdag 15. juli 1976 kom betongunderstellet til ANDOC-plattforma (Dunlin A) til Digernessundet, der det vart ankra opp. Understellet hadde då komme frå Rotterdam i Nederland. På denne tida låg og «beina» til Statfjord A plattforma i Digernessundet, medan dekket vart klargjort ved Aker Stord for samankopling.
    Stord Verft utførte utrustningsarbeid på ANDOC understellet medan det låg i sundet.
    I august vart Bulklasteskipet MS Havbjørn slept på plass ved understellet for å laste ballast. Saman med MS Finna, gjekk dei to skipa fleire turar med ballast til betongfundamentet. Totalt vart det lasta inn 90 000 tonn jern-slagg frå malmgruver i Sør-Trøndelag.
    I oktober 1976 kom dekket til Dunlin plattforma til utrustningskaien ved Stord verft. Februar 1977 kom og bustadseksjonen til verftet.
    Søndag 3. april vart Dunlin-A dekket frakta ut til Digernessundet, der betongunderstellet var blitt senka ned til ei djupne på 167 meter, slik at ein kunne kopla saman dei to delene.
    I bakgrunnen ser ein Statfjord-A plattforma, som nærma seg utslep på denne tida.
    Etter dekk og understell var sveisa saman, vart etter kvart resterande seksjonar løfta på plass og dekket heva noko høgare over vassflata.
    I månadsskiftet mai-juni 1977 kom fleire slepebåtar på plass ved Nattrutekaien på Leirvik. Blant desse var «Typhoon», «Tempest», «Linesman», «Winchman», «Guardsman» og «Serviceman». Desse var med å slepe Dunlin frå Digernessundet, gjennom Langenuen og ut i Nordsjøen måndag 6. juni 1977.
    Dunlin A plattforma har sidan august 1978 produsert olje i Nordsjøen, men vart i første havldel av 2022 fjerna frå feltet for demolering i Vats.
    Musikk:
    Juan Sanches - Now the silence
    Link: • Now the Silence
    Scott Buckley - Filaments
    Link: • 'Filaments' [Classical...

Komentáře • 3

  • @juliansmith-giske9592
    @juliansmith-giske9592 Před 2 lety +2

    Elsker disse videoene!

  • @juliansmith-giske9592
    @juliansmith-giske9592 Před 2 lety +1

    Jeg skjønner ikke hvordan i all verden dere fikk alle disse klippene fra så lenge siden, helt utrolig!

    • @resserarkivet239
      @resserarkivet239  Před 2 lety

      Det er fotograf Tor Resser sjølv som deler sine opptak fra de siste 60 årene. Dette blir samla her på ResserArkivet.