Video není dostupné.
Omlouváme se.

Dåp M/T Cardo & Avduking byste - Stord Verft, Laurdag 21. sept. 1963

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 15. 09. 2022
  • Ein uvanleg mild laurdag i september 1963, vart supertankeren M/T Cardo døypt ved Stord Verft.
    Skipet låg klar for sjøsetting i dokken, i det dei prominente gjestene kom til Leirvik frå Bergen, med HSD hydrofoilen «Teisten». Deretter gjekk turen til verftet der fleire tyske taubåtar låg klar til å trekke det 253 meter lange skipet ut av dokken, og vidare til Aker Mekaniske Verkstad i Oslo, der skipet skulle ferdigstillast.
    Høgsterettsadvokat Sigrid Stray var gudmor, men lykkast ikkje knuse champagneflaska mot skroget, då vinden gav for mykje motstand. Først på femte forsøket gjekk det hol på flaska, og skipet vart slept ut av dokken.
    Etter dåpen samla folkemengden seg i hagen til administrasjonsbygget, der det skulle avdukes ein byste til ære for Sigfinn Bartz-Johannesen, mannen som etablerte Sildoljefabrikken på Stord.
    Direktør Onar Onarheim held tale, før direktør Siem avduka bysta, som var laga av bilethoggaren Ørnulf Bast.
    MT Cardo vart bygd av Aker gruppen for A/S Jensens Rederi og overlevert rederiet 14. februar 1964.
    Seld i 1975 til Statheros Shipping Corp. i Hellas, og gitt nytt namn «Statheros».
    Var i fart i 10 år, før den våren 1985 vart send til Kina for hogging.
    HB Teisten vart bygd ved Rodriquez Cantieri Navali i Italia, og levert til HSD som rederiets første hydrofoil, i juli 1961.
    Her gjekk den rute mellom Bergen og Sunnhordland, fram til 22. oktober 1969 då den grunnstøytte på Noreskjær i Bjørnafjorden, på veg frå Ølen til Bergen. Ingen vart skadde, men båten vart kondemnert.
    Seld tilbake til Italia for reparasjon i 1970, og etterpå satt i fart ved Messinastredet som «Freccia Di Reggio». Leigd ut til Thames Arrow Express i London i 1972, og opererte strekninga London-Greenwich. Seinare var båten i fart for Red Funnel i rute mellom Southampton og Isle of Wight.
    Sist registrert i Italia i 1990. Det er uvisst kva som har hendt med «Teisten» etter dette.
    Musikk:
    Juan Sánchez - Very young old man
    Link: • “Very Young Old Man” b...

Komentáře •