Kong Olav på Stord - Skipsdåp RS Haakon VII ved Stord verft, 27. juni 1958

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 10. 09. 2024
  • Ingenting vart overlatt til tilfeldighetene då Stordabuen gjorde seg klar til å ta imot sjølvaste Kongen ein sommardag i 1958. «Heile sentrum» var rydda og nyvaska, og flagga gjekk til topps over heile øya.
    Etter å ha passert gjennom Langenuen, kom Kongeskipet «Norge» inn Vikafle. Her vart dei kongelege frakta i land ved Sunnhordlands-/Hauglandskaien, og tatt imot av fylkesmann Mons Lid, Ordførar Onarheim og frue, og politimester Meyer. Dessutan fekk dei blomar frå dei bunadskledde jentene Gunnhild Sørheim og Ragnhild Eldøen.
    Stord musikklag spela opp medan Kong Olav og Prinsesse Astrid med følge gjekk frå kaien og opp til tribunen som var satt opp på torget. Om lag 1600 hadde møtt opp for å få eit glimt av Kongen.
    Etter talane var unnagjort på torget, gjekk turen vidare til Stord verft, der dei kongelege fekk omvisning. Bakgrunnen for heile kongebesøket var at Redningsselskapet året før hadde lyst ut ei tevling om kven som kunne teikna og byggja den beste og raskaste redningskryssaren, ein båt Kong Haakon 7. sjølv hadde lova skulle få bere hans namn, og døypast av eit medlem av Kongehuset. Og Kongefamilien held det dei lova.
    Det var teiknesjef ved Stord Verft A/S, overingeniør Leif Gjerver, som vann tevlinga. Skroget til redningskryssaren vart bygt ved Ottesen skipsbygger i Sagvåg, utrustninga og levering vart gjort ved Stord Verft A/S.
    Den nye redningskryssaren låg klar ved Utrustningskaien, der det for anledninga var sett opp ein tribune. Her vart dei kongelege møtt av representanter for Redningsselskapet, direktør for D.N.A. Hans Christian Henriksen, hamnefut Olav Holter, direktør H. L. Heliesen, direktør Bjarne Ødegård, ingeniør K. F. Oppegård, Konsulent Rolf Bentzon og Jan Henrik Bentzon, direktør Kåre Haug, og general sekretær Hans Holter.
    Vidare helsa dei på følgjande representanter frå verftet og Stord Marin Industri:
    Assisterande direktør Thor Onarheim, disp. Per Hysing Dahl, overingeniør Hans A. Isaksen, overingeniør Gjerver, kontorsjef Fostervold, innkjøpssjef Fossum, personalsjef Bjordal, og tillitsmann for arbeidarane Hans Gravdal.
    Gudmor Prinsesse Astrid vart overrekt blomar frå Haldor Gravdal, ein av læregutane ved verftet, før redningsbåten vart døypt på tradisjonelt vis.
    Etter dåpen køyrde Kongen med følge gjennom Leirvik sentrum til direktør Onarheim på Hystad, der det vart servert mat og halde talar.
    Til slutt kom dei kongelege attende til kaien på Vikjo, der dei steig om bord i sjaluppen som frakta dei ut att til Kongeskipet, for avreise.
    R/S Haakon VII levert til Redningsselskapet 1958 frå Stord Verft.
    Fungerte som redningsskøyte fram til 2004, og skal ha berga 135 personer frå «den sikre død».
    Seld til taubåtrederiet Mørland & Karlsen AS og omdøypt «Torungen».Her vart den nytta til slepetenester, samt som praksisplass og avlasting for vanskelegstilte ungdomar.
    Seld vidare i 2007 til Jonny Wiggo Olsen i Kristiansand og fekk nytt namn «Ingrid Alexandra».
    10 år seinare, i 2017, vart båten seld til Nordic Property group i Trondheim, og omdøypt «Nordic Haakon VII». Båten skal i skrivande stund framleis vere i drift.
    Musikk:
    Salve Imperator Triumphmarsch
    Link: • Salve Imperator Triump...
    Kronprins Olavs Honnørmarsj
    Link: • Kronprins Olav's Honnø...
    Kong Haakon VII’s Honnørmarsj
    Link: • Kong Haakon Den Vii's ...

Komentáře • 2

  • @haraldsvik1452
    @haraldsvik1452 Před rokem

    Flott arbeid!

  • @haceneouerdane6840
    @haceneouerdane6840 Před 11 měsíci

    C'était le temps des jours heureux sous le règne du bon Roi Olav V de Norvège. Un règne inoubliable. Gods saves the King.