Statfjord A ved Stord verft - Samankopling aug-sep 1976 og utslep 3 mai 1977

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 4. 05. 2022
  • Frå samankopling, ferdigstilling og utslep av Statfjord A plattforma, den første oljeplattforma bygd ved Aker Stord.
    Mot slutten av februar 1974 stod jubelen i taket hos Mobil, då dei kunne bekrefte at dei hadde funne Statfjord-feltet i Nordsjøen. Dette var, og er framleis, det største oljefeltet nokon gong funnen på norsk sokkel.
    I oktober same år starta arbeidet med det enorme betongunderstellet til Statfjord A, i Gandsfjorden ved Stavanger.
    Våren 1975 fekk Aker Stord oppdraget med å bygge dekket til plattforma. Byggjeprosessen var tidvis utfordrande, då verftet hovudsakeleg hadde bygd tankskip dei siste åra. Men med assistanse frå Amerikanske Mobil, kom ein til slutt i mål.
    Dekket vart flytta ut av dokken på to utrangerte lastebåter med namn «Tom» og «Tina».
    30 Juli 1976 vart dekket flytta frå Aker Stord og ut i Digernessundet. Første veka i august var betongunderstellet frå Stavanger kommen på plass. Her låg og «beina» til Dunlin A plattforma, som verftet skulle settja saman.
    Sjølve samankoplinga av Statfjord A dekket og betongunderstellet fann stad 8. august 1976.
    Laurdag 11. september 1976 vart den første av tre boligmodular til plattforma flytta frå Leirvik Sveis og til Nattrutekaien. Her skulle den stå til dei andre to var løfta opp på dekket.
    Modulen vart flytta av tre tyske kranfarty, med ei samla løfteevne på 800 tonn.
    Ein etter ein vart dei tre modulane så frakta ut til Digernessundet, og løfta opp på plattformdekket.
    Utrustinga av Statfjord A held fram i Digernessundet resten av året, medan Dunlin A plattforma og tok form i bakgrunnen.
    Rundt påsketider våren 1977 starta klargjeringa til utslepet av det som den gong var verdas største oljeplattform. Stilas og anna utstyr vart fjerna, og dei mange slepebåtane som skulle slepe Statfjord A til Nordsjøen la til ved Nattrutekaien på Leirvik. Dette var dei tyske slepbåtane «Atlantic», «Titan» og «Wotan», svenske «Neptun», og Nederlandske «Smit New York» og «Polzee». I tillegg forsyningsskipa «Active Ray» og «Active King».
    Litt før klokka sju om morgonen, tirsdag 3. mai 1977, starta utslepet av Statfjord A frå Digernessundet, og den 216 meter høge plattforma var omsider på veg til Nordsjøen for ferdigstilling.
    Musikk:
    Miguel Johnston - Still a long way to go.
    Link: • 📽️ Free Film Orchestra...
    Savfk - Instructions for living a life.
    Link: • Instructions for Livin...

Komentáře • 2

  • @steinmoller-nilsen4118
    @steinmoller-nilsen4118 Před 6 měsíci

    Var ombord under nyttårsorkanen morgenen 010192. Ble vekket av vindstøy på lugaren kl 05, men ante ikke styrken da. Ville neppe sovnet igjen om jeg visste. Vindmåler konket ut på 147 kts på Gullfaks C i nærheten.

  • @raimovhmoisala9561
    @raimovhmoisala9561 Před rokem +1

    Muistan ne peilisaumojen hitsaukset, valikoidut hitsaukset .