Video není dostupné.
Omlouváme se.

17. mai på Stord, 1961

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 11. 05. 2022
  • Høgdepunkt frå 17. Mai feiringa på Stord i 1961.
    «17de mai 1961 vil gå inn i soga som ein av dei vakraste nasjonaldager me har fått oppleva. Det var sol og sumarvarme frå tidlege morgonen, himmel like blå som havet. Med snø på toppana på fjelli ikring, med blømande frukttre og nysprungi bjørk.»
    Slik innleia Bladet Sunnhordland sin artikkel etter nasjonaldagen vart feira dette året.
    Og ut frå desse filmopptaka stemmer teksten godt overens.
    Dagen starta tradisjonen tru med salutt på Vikafle, før flagga gjekk til topps og Kolbein Sydnes held tale ved Bård Haugland si minnestøtte.
    Deretter følgde Morgonprosesjonen, der realskulen hadde fleire artige innslag og plakatar med seg.
    Så til Leirvik skule, der ungar frå samtlege skular på Stord hadde samla seg for å gå i barnetog. Dette var ifølge avisa «Det lengste og vakraste» dei hadde sett, med alle skulebarna, og lærarane i front. Dei marsjerte så over Møllebrua ved Frugardselva, og til Stord Kyrkje. Her vart det halde minnetale for dei falne, i regi av Leon Johannessen, som og la ned krans ved monumentet.
    Etter ein liten pust i bakken på Grand Hotell, var det Idrettsgruppa sin tur å marsjere gjennom Borggata. Det lange toget enda til slutt opp på idrettsplassen på Ås, der det var turnoppvisning frå dei mange ulike aldersgruppene.
    Til slutt borgartoget som tradisjonen tru avslutta marsjen i Parken. Formann i Leirvik Mannskor, Henry Moss, ønska velkomen, skulekorpset spela og mannskoret song. Skuleinspektør Øyvind Døsseland frå Tysnes held tale, før Stord songlag og Stord musikklag framførte sine innslag.
    Alt i alt ein strålande nasjonaldag på Stord.

Komentáře • 3

  • @juliansmith-giske9592
    @juliansmith-giske9592 Před 2 lety

    Jeg har så stor respekt for disse videoene, betyr mye!

  • @NorwayballAnimations
    @NorwayballAnimations Před rokem

    Ganske interresant, ja

  • @Hordalending
    @Hordalending Před 2 lety

    *Ikke en **_eneste_** overvektig person overhodet. Sammenlignet med i dag er det mildt sagt oppsiktsvekkende*