Ferieplanlegging: Kva med fjellsommar i Jotunheimen?

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 7. 05. 2024
  • Sugen på syden - eller freista til fjells? Du er ikkje aleine om å fundere på kva du skal fylle feriedagane med i sommar.
    Vi slår eit slag for norgesferie - og oppmodar deg til å komponere ein aktiv og smakfull sommarferie ispedd ei god dose høgfjell- og bygdemagi...!
    I Jotunheimen er det irrgrøne fjellvatn friskare og reinare enn eitkvart "sydenhav". Det er utsyn som tek frå ein pusten - sjølv om du ikkje går heilt til topps. Kokkane kan å skjemme bort gana di - og det er generelt heilt vanleg å "gape over for mykje"- og da meiner vi ikkje berre over ein kanelbolle frå bakeriet…
    Anten du reiser aleine, men vennegjengen eller familien, så innbyr det vilte høgfjellsterrenget i Jotunheimen til uteglede for både store og små. Nasjonalparken midt i Norge er nemleg smykka med dei høgaste fjella i Nord-Europa, med Galdhøpiggen og Glittertinden som dei to høgaste. Her kan du vandre opp i høgden til ein topp - og speide utover tinderekkene, gå frå hytte- til hytte på godt merka sti, få nærkontakt med blåisen på brevandring - eller berre kose deg i solveggen.
    «Alle vegar fører til Lom!» - så kom!
    Meir inspirasjon og informasjon her: www.vistjotunheimen.no
  • Krátké a kreslené filmy

Komentáře •