Tur med D/S Stord - 10. juni 2015

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 17. 11. 2021
  • HSD veteranen DS Stord I kjem til Leirvik ein grå sommardag i 2015, saman med ein noko meir moderne rutebåt, i form av Norled sin MS Admiralen.
    Etter å ha tatt ombord nokre passasjerar ved Sunnhordlandskaien, kastes det loss, og turen med den flotte veteranbåten startar.
    Undervegs er det tid til å kikke innom mellom anna maskinrommet, og fleire av dei restaurerte romma ombord i båten.
    Turen ender til slutt der den starta, ved Sunnhordlandskaien på Vikjo.
    Stord I vart bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab (HSD).
    Båten gjekk rute i fjordane mellom Bergen og Stavanger, i Hardanger og Sunnhordaland.
    I 1949 skifta Stord I frå damp til dieselmotor, og fekk ny skorstein.
    10 år seinare, vart båten nytta som reserveskip etterkvart som HSD kjøpte inn nye og større båtar. Dette varte fram til 1969, då Stord I vart "pensjonert" av HSD, og seld til Oslo Kreds av Det Blå Kors.
    Stord I vart hybel- og sosialsenter for alkoholskadde krigsseglarar og fekk namnet «O. T. Moe».
    I 1981 vart båten seld vidare til Veteranskipslaget Fjordabåten. Eit omfattande arbeid tok til då Stord I skulle byggjast om til dampskip att. Dampmaskin og kjele vart kjøpt inn fra England, og etter 6 år med dugnadsarbeid kunne Stord I gå for eigen dampmaskin att.
    Men berre 2 veker seinare, 20. mai 1987 oppstod det brann i maskinrommet medan skipet var på veg frå Stord til Bergen. Ingen vart skadd under brannen, men Stord I vart totalt utbrend.
    Gjenoppbyggjinga tok til, og i 2005 kunne omsider Stord I gå for eigen maskin att etter utallege timar med dugnadsarbeid.
    Året etter vart båten overført til Stiftelsen D/S Stord I.
    Sidan 2013 har veteranbåten vert i drift med passasjerer, og delteke på fleire ulike arrangement. Stord I er venlegvis å finne til kai i Bergen.

Komentáře • 1

  • @raymondleggs5508
    @raymondleggs5508 Před rokem

    I have never seen a wheel stationed BEHIND the helmsman