Video není dostupné.
Omlouváme se.

Cormorant A plattforma - Forberedelse til utslep + Ankomst Brent C, april 1978

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 25. 08. 2022
  • Cormorant A, den tredje plattforma som vart utrusta ved Aker Stord, ligg her i Digernessundet, klar for utslep til Britisk sektor av Nordsjøen.
    Slepebåten «Smit Rotterdam» venter tålmodig, medan slepetau med flytarar blir lagt klart i sjøen.
    Samstundes er Brent C omsider komen på plass i Digernessundet, etter slep frå Stavanger.
    Her skulle den ligge i ein månads tid medan det vart løfta om bord 18 einingar på til saman 18 000 tonn.
    Etter fleire utsettelser, kom slepet av Comorant A omsider i sving på kvelden 29. april 1978.
    Eit stund seinare var og Brent C plattforma klar for utslep til Nordsjøen, også den til Britisk sektor, noko som fann stad 13. juni 1978.
    Cormorant A skal framleis vere i drift i Nordsjøen, aust for Shetlandsøyene.
    Brent C er i skrivande stund den einaste Brent plattforma som framleis er operativ på Brent feltet, nord-aust av Shetlandsøyene.
    Brent A, B og D vart løfta vekk frå feltet i perioden 2019-2020 av kranskipet «Pioneering Spirit», og sendt til Nord-aust England for demolering.
    Så snart Brent C er ferdig med operasjonene på feltet, venter same skjebne for denne plattforma.
    Musikk:
    Juan Sánchez - Beautiful rose
    Link: • "Beautiful Rose" by Ju...

Komentáře •