17. Mai Aure Kommune 2020

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 16. 05. 2020
  • GRATULERER MED DAGEN
    Da vi ikkje kan møtast som normalt på nasjonaldagen 2020, kjem dei lokale markeringane i Aure heim til deg gjennom denne filmen, der du finn eit koronatilpassa 17. maiprogram som vi håper du vil sette pris på.
    Festdagens gudstjeneste er tatt opp i Gullstein og Aure kyrkje, prest er Per Eilert Orten, organist Alexey Kurbanov og tekstlesar Stig Ottar Jensen. Mens det er salmesang av deltakarar frå Aure Songlag og Aure Misjonskor.
    På Gullstein møter vi ordførar Hanne-Berit Brekken som hovedtalar. Maren Elise Stigsrud, Thomas Ormbostad Myhren, Amund Lange Løfsnæs og Hanne Strobel held tale for dagen på vegne av 10. klasse ved Sør-Tustna skole, mens Tustna Skolemusikk sørger for taktfaste korpsinnslag.
    Frå Stemshaug får vi sjå og høyre 10. klassingane Anna Hjelen og Jonas Hjelanes frå Aure barne- og ungdomsskole tale for dagen og legge ned krans, samt eit vakkert musikalsk innslag frå Anna med gitaren.
    I Aure sentrum er det samling ved Aure kyrkje/bautaen over falne, der det blir korpsmusikk av Glade Musikanter og tale av 10. klassingane Maren Ormbostad og Katja Katarina Hestsveen fra Aure barne- og ungdomsskole.
    Gratulerer med dagen, Norge! Det går bra!

Komentáře •