Video není dostupné.
Omlouváme se.

MF Bjørnefjord, sommaren 1974

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 31. 08. 2022
  • Eit par korte klipp av HSD ferja «Bjørnefjord», på veg til Leirvik sommaren 1974.
    I det siste klippet kan ein og skimte TS Leda, på veg sørover til Stavanger og Newcastle, i rute for Det Bergenske Dampskibsselskab.
    MF Bjørnefjord vart bygd ved Brødrene Lothe A/S i Haugesund, og levert til HSD i mai 1962.
    «Bjørnefjord» vart den første ferja i rute på den nye strekninga mellom Sandvikvåg og Halhjem i 1963. Seinare gjekk ferja på ulike ruter for HSD, fram til juni 1988, då den vart seld til Polarlaks A/S og omdøypt «Aunfjell». Her skulle ferja fungere som forstasjon for eit oppdrettsanlegg i fleire år.
    I 1992 skifta ferja namn tilbake til «Bjørnefjord», noko som varte til 2010 då ferja vart kjøpt opp med intensjon om å føre ho tilbake til Sunnhordland. Nytt namn, «Gamle Bjørnefjord».
    Ferja vart så frakta til Odda, der stiftelsen MF Bjørnefjord ville restaurere båten.
    Dessverre var ferja i så dårleg stand at restaureringa vart skrinlagde og «Gamle Bjørnefjord» gjekk i opplag i Sagvåg. Etter at motorane og teknisk utstyr var henta ut, vart ferja hogd ved demoleringsområdet på Eldøyane ved Kværner Stord i 2016.
    Musikk:
    OrangeHead - Moody Piano
    Link: • Moody Piano Background...

Komentáře •