Sognefjellsvegen (Fv.55) opnar til påske!

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 5. 03. 2024
  • SOGNEFJELLSVEGEN OPNAR TIL PÅSKE:
    Eit gledeleg påsketeikn i år er at fylkesveg 55 blir opna fram til Sognefjellshytta (frå Lom-sida av fjellet) til palmehelga - fredag 22.mars!
    Før den tid er altså vegen fysisk stengt med bom ved Rustasætre (før Bøvertunvatnet) medan hjullastar og fres dei neste vekene jobbar seg jamt og trutt gjennom snømassene - slik at vegen blir køyrbar til palmehelga!
    Det betyr at D U da kan køyre til alle fjellstovene langs den spektakulære nasjonale turistvegen - og nyte og leike deg i fjella og naturen!
    Krossbu turisthytte og Sognefjellshytta opnar 22.mars
    Merk! Vegen blir brøytt heile vegen over fjellet- til Gaupne, innerst i Sognefjorden til 1.mai, ifølge vegvesen.no
    Andre adkomstvegar til fjell og hytter verdt å merke seg:
    - Vegen i Leirdalen (mot Leirvassbu) er brøyta og ope til Sletthamn (ca. 6 km. frå Leirvassbu) frå fredag 8.mars!
    - Visdalsvegen (inn til Spiterstulen) er ope heilt inn til hytta frå fredag 8.mars!
    - Fylkesvei 51 over Valdresflye opnar òg den 22. mars kl. 12.00. Sjå oppdatert info her: www.vegvesen.no/trafikk
    - Galdhøpiggvegen (opp til Raubergstulen og Juvasshytta) blir brøytt og opnar laurdag 9.mai.
    Visste du forresten at...
    - Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne (55) og er totalt 108 km. lang.
    - Toppunktet ligg på Sognefjellet - 1434 meter over havet.
    - Strekninga over fjellet mellom Rustasætre/Vegaskjelet til Turtagrø er normalt vinterstengt i november til mai. Da er vêret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Tek du derimot turen til påske og utover våren, vil dei høge brøytekantane vere eit synleg bevis på styrkeforhaldet i fjellet om vinteren.
    Video/redigering: Dennis Risvoll/Frys Film
    Medvirkande: Mari Arnøygard Wedum, Visit Jotunheimen og Råmund Mundhjeld, Sognefjellshytta
    Opptak: 06.03.2024
  • Krátké a kreslené filmy

Komentáře •