Video není dostupné.
Omlouváme se.

Troll A plattforma under konstruksjon ved Aker Stord, 1992 - 1994

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 3. 09. 2020
  • Ei samling med opptak frå ulike stadier under konstruksjonen av Troll A plattforma ved Aker Stord, i perioden 1992 - 1994.
    Først ser me lasteskipet MS Diamond A, som 22. juli 1992 leverte den aller første lasta med stål til plattforma. Skipet kom frå Japan til Stord, på dagen ein månad etter det vart kjend at Aker Stord fekk oppdraget med å byggja Troll A.
    3. september 1992 var det offisielt fabrikasjonsstart i platehallen ved verftet, då brenninga av den første stålplata byrja. Tilstade var mellom anna fleire leiarar frå Norske Shell.
    Kvelden 20. mai 1993, kom deler av dekkseksjonen på lekter frå Finland til Aker Stord. Dekksramma hadde ei vekt på 4300 tonn, og skulle koblast til seksjonen som allereie var bygd ved verftet.
    Og til slutt eit klipp av plattforma, som i mai 1994 byrja sjå ut som ein plattform som nærma seg ferdig. Boligmodulen er nyleg løfta på plass, og flammebommen er montert fremst på dekket.
    Troll A plattforma vart slept frå Aker Stord til Yrkjesfjorden for samankopling tidleg i januar 1995.

Komentáře •