Vår første lovbok

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 5. 09. 2024
  • Magnus Lagabøtes landslov tredde i kraft i 1274 som den første felles lovboka for heile Noreg og ei av dei eldste nasjonale lovsamlingar i Europa. Arbeidet med lova byrja under Håkon Håkonsson (1217-1263) og blei fullført i 1274 under sonen, Magnus Håkonsson (1263-1280). Magnus fekk difor tilnamnet Lagabøte - «lovforbetraren». Lova er å finne i Codex Hardenbergianus, ei usedvanleg vakker bok som Det kongelege bibliotek i København har lånt ut for at ho skal bli ein del av Nasjonalbibliotekets nye utstilling «Opplyst». Sjå boka her, og høyr professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde fortelje om kva landslova inneheld, og korleis ho endra Noreg i samtida og for all ettertid.
    I «Opplyst» løfter vi skattar frå norsk kulturhistorie opp frå dei mørke magasina og fram i lyset. Desse objekta representerer augeblikk i den felles historia vår og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet vårt og nasjonen vår. Samlinga er det nasjonale minnet vårt, og her hentar vi forteljingar om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Opplyst er ei slik forteljing. Utstillinga blir opna 27. februar av Kronprins Haakon rett etter festopninga, Glimt fra en kulturhistorie. Feståpning av Opplyst.

Komentáře •