Topptur på ski i Jotunheimen: Høgdebrotet - Steinflytinden - Tjønnholstinden

Sdílet
Vložit
  • čas přidán 11. 04. 2024
  • Høgdebrotet (2226 moh.) er eit populært toppturmål frå Valdresflye, aust i Gjendealpane i Jotunheimen. Toppen kan kombinerast med nabotoppane Steinflytinden (2318 moh.), Tjønnholstinden (2331 moh.) og Tjønnholsoksle (2145 moh.)
    - Beste utgangspunkt: Fv. 51, Valdresflye, ved kommunegrensa mellom Vågå og Øystre Slidre.
    - Høgdeforskjell: Ca. 1500 høgdemeter
    - Antatt tidsbruk: 8-10 timar (tur-retur). Totalt 22 km.
    - Utstyr: Fjelltelemark, randonnée og fjellski. Stegjern og isøks for ryggtravers mellom Steinflytinden og Tjønnholstinden.
    - Vegval: Lang tur med jamn stigning. Klyving på fjellrygg med luftige parti!
    Høgdebrotet er ein lett tilgjengeleg 2000-meterstopp og ein populær topptur på ski, særleg etter at Valdresflye har opna opp att etter vinterstenging (vanlegvis kring 1.april). Det er dessutan ein trygg topptur da det er mogleg å følgje søraustryggen opp mot toppen utan å gå inn i skredterreng (over 30 grader bratt). Ryggen opp er lang, men ein blir belønna med majestetisk utsikt inn i dei innarste delane av Jotunheimen - og lang og fin nedkøyring.
    Vidare kan du følge fjellryggen mot nabotoppen Steinflytinden - og vidare til Tjønnholdstinden, innan du returnerer via Tjønnholdsoksle (som òg ein 2000-meterstopp!) - og halder høgde i terrenget attende til utgangspunktet.
    Les meir her: bit.ly/ToppturtipsGjendealpane
    ***
    Foto/redigering: Mari A. Wedum /Visit Jotunheimen AS
    Turfølge og medfotografar: Erik Eggen og Hans Fredrik Hellebergshaugen
    Opptak: 5.april 2024
  • Krátké a kreslené filmy

Komentáře •