Musea i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane
  • 11
  • 758
Astruptunet nyopna av Hennar Majestet Dronning Sonja
Hennar Majestet Dronninga nyopna Astruptunet etter fire års restaurering. Prosjektet «Restaurering av Astruptunet og hagen» hadde ei økonomisk ramme på 46 millionar kroner. Sparebankstiftinga DNB står bak hovuddelen av finansieringa. Også Sunnfjord Kommune har bidratt med midlar.
Det er Sunnfjord kommune som eig Astruptunet og har vore prosjekteigar. Det har vore ein ambisjon om særs høg kvalitet på restaureringsarbeidet for både hus og hage. Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, Kode i Bergen og Musea i Sogn og Fjordane.
Ei prosjektgruppe leia av Lars-Henrik Milert i T-2 Prosjekt AS har stått for gjennomføringa. Med seg har han hatt Arkadia landskap ved Ingeborg Mellgren Mathiesen, som heilt tilbake i 2016 leverte ein forskingsrapport om Astruptunet.
Slåtten grind og laft ved Erlend Slåtten har stått for restaureringa av bygga. Anleggsgartnar Sandal As har jobba med anlegget - frå drenering til muring og å legge torvgardar.
Sunnfjord kommune har også vore involvert og bidratt mellom anna med eigen gartnar, rådgjevarar og lokale tusenkunstnarar. Ikkje minst har frivillige stilt opp på fleire dugnadar.
Foto og regi: Henning A. Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane
zhlédnutí: 76

Video

Asking og kløyving av tømmer
zhlédnutí 51Před 3 měsíci
Ved Sunnfjord Museum skal vi lage ein kopi av senga Christian IV av Danmark og Norge kan ha sove i på ei reise gjennom Jølster. Originalen står på Bergen Museum, men skal opphaveleg ha stått på Løsetloftet, som er ein del av Sunnfjord museum. Teknikken dei brukte for å lage materiale i Jølster på den tida, var asking og kløyving. Det betyr å lage eit hakk på kvar side av stokken og køyre i kila...
Holvikejekta på flyttefot
zhlédnutí 21Před 5 měsíci
Medan nytt verne- og formidlingsbygg skal byggast til Holvikejekta ved Nordfjord folkemuseum, må den flyttast vekk frå staden der den har stått i hundre år - for der skal det nye huset byggast. Musea i Sogn og Fjordane får mellom anna hjelp frå Hardanger fartøyvernsenter til jobben. Foto: Henning A. Hellebust
Kvernsteinsparken
zhlédnutí 104Před 2 lety
I kvernsteinspkaren i Hyllestad kan du oppleve industri frå viktingtida. Sjå korleis dei hogg ut kvernsteinar og prøv å male korn på ein ekte kvernstein, heilt lik den vikingane nytta - og eksportere nedover i Europa i tusentals. Filmen er laga av Fjordkysten.
MiSF animasjon 16x9 1920x1080
zhlédnutí 51Před 2 lety
I dag kler vi oss i ny drakt. Vi er det same museet, med det same tilbodet til deg, men saman med resten av Musea i Sogn og Fjordane, har vi utvikla logoen vår og korleis vi står fram. Alt er ikkje gjort på ein dag. Følg med, til våren kjem det flunkande nye nettsider som skal gje deg betre oversikt over tilboda våre. Vi berre nemner det. Velkomen til oss!
Bygging av Nordfjordbåt
zhlédnutí 314Před 4 lety
Eit glimt frå båtbyggjar Kristen Arnestad og læremeister Andreas Mardal under bygging av nordfjordfæring i 2019. Dette er frå Nordfjord Folkemuseum sitt prosjekt "Nordfjordbåt - bygging og bruk", støtta av Forbundet KYSTEN og Sparebankstiftelsen DNB. Video frå Nordfjord Folkemuseum.
Årbok for Sogn
zhlédnutí 9Před 5 lety
Luke nr 8 i Musea i Sogn og Fjordane sin julekalender
Sjømannsjul på Hawaii
zhlédnutí 33Před 5 lety
Luke 14 i Musea i Sogn og Fjordane sin Adventskalender for 2018.
Sunnfjordingens jul på prærien lang versjon
zhlédnutí 43Před 5 lety
Luke nr 22 i Julekalenderen til Musea i Sogn og Fjordane 2018. Lang versjon.
Sunnfjordingens jul på prærien kort
zhlédnutí 18Před 5 lety
Luke 22 adventskalender til Musea i Sogn og Fjordane 2018
Nissen på Kystmuseet
zhlédnutí 38Před 5 lety
Luke nr 10 i Julekalenderen til Musea i Sogn og Fjordane.